Abstract
Dei pietistisk prega vekkingane landet vårt har opplevd dei siste par hundreåra, vitaliserte ei religiøs førestillingsverd det ikkje var lett å sameina med dei oppfatningane av verda og tilværet som moderniteten favoriserte. Det er såleis ikkje uvanleg å meina at desse vekkingane fremja ei forakt for fornuft og vitskap, og at dei dermed eigentleg fungerte som bremseklossar på moderniseringa. I denne artikkelen blir det likevel argumentert for ei meir nyansert oppfatning, nemleg at vekkingane trass alt var uttrykk for sentrale moderne idear, ideal og haldningar, og at dei i kraft av dette faktisk også fekk vera viktige moderniseringsaktørar. Det paradoksale er då at dei med dette likevel bidrog til den sekulariseringa som på det næraste har fjerna den tradisjonelle religiøse førestillingsverda deira frå samtidskulturen. Og det reiser spørsmålet om ikkje dette slaget vekkingar no har mista fotfestet sitt for godt.
Publisher
Cappelen Damm Akademisk/NOASP
Cited by
1 articles.
订阅此论文施引文献
订阅此论文施引文献,注册后可以免费订阅5篇论文的施引文献,订阅后可以查看论文全部施引文献
1. «Jeg har på en måte alltid gått der»;Scandinavian Journal for Leadership and Theology;2023-10-27